Hei, so fint at du har funne vegen til sida mi.
Tenkte eg ville skrive litt meir om min bakgrunn og korleis eg jobbar som interiørkonsulent. For mange er det å kontakte interiørkonsulent kanskje noko nytt, nokon er kanskje usikker på korleis eg jobbar og kven som har nytte av å få hjelp frå interiørkonsulent.
Eg heiter Cathrin Næss og driv Gode Rom.
Eg er utdanna teknisk teiknar og interiørkonsulent. Eg arbeida nokre år i Levi Strauss Norge som Retail Coordinator med visuell kommunikasjon, før eg starta mitt fyrste foretak i Bergen i 2004. Dei fyrste åra jobba eg med boligstyling før eg gjekk over til å jobbe med private heimar.
Eg likar å jobbe med og møte nye mennesker og bli kjend med dei eg jobbar med, slik at ein kan skape gode løysingar for dei som skal leve og oppholde seg i romma og heimane. Mine styrkar er nok at eg er veldig idérik og kreativ, god på løysingar som er funksjonelle, bruksvennleg, tilpassa kunden og gode å vera i. Eg har lest og sett mykje av ulike typar interiører og løysingar gjennom mitt liv og karriere, noko eg framleis gjer.
Eg har óg gjennom erfaring over nærast 20 år som interiørkonsulent opparbeida meg ein del gode verktøy for å arbeide med prosjekt, mennesker og rom, som gjer at kundane mine sparar tid, økonomi og kan gjennomføre sine prosjekt meir gjennomtenkte, bedre og vere meir nøgde over tid.
Det er ei stor glede for meg å vere med å skape rom som er tilpassa dei som bur der, at me gjennom dialog og samtale kjem fram til det som er riktig for dei eg jobbar med. Det er óg veldig fint å få vere med å inspirere dei eg jobbar med til å skape sin heim slik dei helst ynskjer. Eg er veldig oppteken av at heimen skal vere for dei som bur der, den skal ikkje passe i eit magasin eller sjå best muleg ut på instagram, det skal vere ein god heim som gir dei som bur der glede og næring i kvardagen. Det er veldig givande å ta del i den prosessen og å få tilliten til å vere med på det.
Heimen skal vere vakker, vakre rom og ting me omgir oss med som betyr noko for oss påverkar oss, kanskje meir enn me tenker over i det daglege livet. Og her er det viktig å hugse på at ulike ting er vakre for ulike mennesker.
Heimen skal vere funksjonell og praktisk, den skal fungere i kvardagen aller mest - samtidig som heimen er óg den staden der me skal fylle på og hente energi, der me kan finne ro og glede, ha besøk, vere ilag og vere for oss sjølve. Heimen skal romme mykje for oss og det er veldig viktig for meg i mitt arbeide, det ligg som ein base i alt eg gjer.
Eg er veldig oppteken av romma sin flyt og korleis det føles å vere i eit rom, her spelar materialer, fargar, val av møblar og lys inn. Å jobbe med rom er ein lagvis prosess, men sidan eg har jobba med dette så lenge så går nok alle desse laga simultant for meg når eg jobbar med eit prosjekt.
Eg jobbar med heimar eller rom av ulik storleik, det er like spennande å jobbe med ein mindre heim som det er med ein som er større. Når ein jobbar med mindre heimar, lyt ein tenke eksempelvis oppbevaring på ein anna måte enn ved større heimar. Kanskje nokon rom óg må fylle fleire behov. Det treng heller ikkje vere heile heimen ein vil jobbe med, men kanskje er det eit rom du treng litt ekstra hjelp med.
Heimen treng heller ikkje vere på ein spesiell måte for å jobbe med ein interiørkonsulent, den kan vere rotete, tom, full, gamal, ny eller ryddig. Det er det som er det fine, me jobbar ut frå det utgangspunktet som kvar kunde og prosjekt har og så finn me ut av korleis me kan få det beste ut av det som er. Ein kan ha lite budsjett og ein kan ha større budsjett. Eg er veldig glad i å gjenbruke ting og få til fine rom med små midlar, så her er heller ingen begrensningar. Kanskje kan ein óg bruke det ein allereie har på ein ny måte.
Eg kan bidra med planløysing, fargearbeid, møbel- og belysningsforslag og design av forskjellig inventar.
Det er ei god investering å bruke litt pengar på at ein fagperson kan bidra med sin kunnskap og erfaring, til dømes viss ein bygger seg ny heim så kan ein spare pengar på løysingar og valg som er bedre over tid.
Det var litt om meg og mitt arbeide.
Viss de har spørsmål, så er det heilt uforpliktande å ringe, maile eller sende meg ei melding.
Cathrin
Comments