I fjor var eg så heldig å vere med som Interiørkonsulent og arbeide saman med Ragnhild og familien hennar i deira nye heim.
Dei hadde eit klart mål når dei tok kontakt med meg og det var meir fargar i heimen! Dei hadde nyleg overteke nytt hus og ville skape ein heim som var tilpassa deira liv, ynskjer og behov.
Resultatet talar for seg sjølv i bileta under. Frå april 2023 til no, oktober 2024.
Frå kvite, nøytrale vegger og tak til ein levande, interessant og nærande heim med fargar, god belysning og innreiing ellers. Det er Ragnhild og familien som har jobba med fargane, testa mange forskjellige fargar i ulike rom undervegs og komme fram til fargar som dei trives med og ville ha rundt seg.
Mi oppgåve har vore å hjelpe til med å finne ut av kva fargar dei helst ville ha rundt seg, det er ulike måtar å jobbe med dette på, gjennom samtaler og ulike verktøy.
Me starta med å kartlegge kva farge stova skulle ha først, slik at den vart utgangspunktet for dei andre romma. Ettersom det er open løysing mellom stove, kjøken, trapp og tilstøytande rom var det viktig å finne fargar som passa saman. Sidan stova er eit rom ein oppheld seg mykje i og rommar mykje av liva våre, var det naturleg å byrje med den.
Familien er veldig glad i naturen og å vere ute, så det var naturleg for dei at stova skulle ha ein grønfarge. Etter mykje prøving med forskjellige nyanser og kulører, prøver frå ulike produsentar og testing av fargar som passa saman med møblar og innreiing dei allereie hadde, ein farge dei likte til ulike tider på døgnet kom dei fram til fargen dei har i dag.
Undervegs i prosjektet har eg bistått med idear, råd og mi erfaring for å lande fargar, kombinasjonar og bygge fargepaletten på ein god og balansert måte.
Innreiinga, møbelvalg og belysning er det Ragnhild og familien som har gjort sjølve. Denne veka var eg innom for å sjå resultatet og det er berre ein utruleg inspirerande heim og vere i, so gode rom å opphalde seg i med alle fargane og innreiinga. Det er nærande å vere i rom som kjennes så vitale!
Taket i stova er målt i ein lys grønfarge som står til veggene, på denne måten framstår rommet som lunt og taket tek ikkje like stor plass som viss det hadde vore kvitt.
Som de ser av bileta er panelveggen som før var måla inn i takfargen no vorten ein del av veggfargen, noko som gjer mykje med rommet og følelsen der.
Taket på kjøkenet har fått ein dus og varm farge med eit snev av gult i seg. Dette gir meir lunheit, som står godt til den turkisblå fargen på veggene.
Det er so fint å få vere del av slike fine prosjekt og heimar!
Comments